Så var me tilbake i Bjørnarhallen. Denne gongen delte me scene med Microband frå Samnanger. 2 flinke karar som fekk folk til å svinga seg på dansegolvet. Som vanleg hadde arrangøren, med Steinar og Marit i spissen lagt alt tilrette for oss som skulle stå for musikken denne kvelden. Me vert nesten bortskjemt når me kjem i Bjørnarhallen, her er det service :-)) Microband starta kvelden kl. 20.00, men publikum let venta på seg. Men når det lei på kvelden, så var det over 200 danseglade gjester i salen. Då var stemningen upåklageleg, og på dansegolvet var det fullt heilt til me i Moonshine avslutta kl. 02.00. Denne kvelden vart det servert dansemusikk for noken og ein kvar. Alt frå gamle slagerar, disco, vals, Abbalåtar, country og nyare musikk. Me vil takka alle dei danseglade som møtte opp denne kvelden. Det er skikkeleg morro for oss som står på scenen når det er slik danseglede. Går alt etter planen så er me i Moonshine tilbake i mars -2009. Me gleder oss allereie. Takk for denne gong !!! 

 

Dansefest i Bjørnarhallen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me skriv 1.november....fine køyreforhold...

Me er framme i Arna

Steinar står i porten og tek imot oss...

Utstyret er kome inn....

Då er det berre å få sett alt ihop....

Her er Microband igang med si rigging.

Microband er klar....

Moonshine er klar....

"Kjøkkengjengen" er klar....

Det er stort dansegolv i Bjørnarhallen...

...litt lite folk tidleg på kvelden...

....men det gjekk ikkje lenge før det var fullt på golvet.

Gjestene kosa seg til non-stop dansemusikk

Litt småprat med "kjentfolk" :-))

Takk for oss for denne gong, og på gjensyn. Moonshine

 

 

Tilbake til framsida