Bjørg & Ellen

2 x 40

Sekse i Hardanger
"Grannatun"

Laurdag 5. april var me nok ein gong "tilkalla" for å underhalda i eit lystig lag på Sekse. Når me fekk spørsmålet så var me ikkje vanskelege å be, her er det alltid morro å spela og underhalda. Spesielt morro var det for oss i Moonshine denne gongen, då me fekk med oss Arvid Aasprang på saksofon. Ein utruleg flink musikar som skapte magiske augneblink med saksofon-soloane sine. Me håpar at me kan få spela fleire gonger med Arvid.

Så var det jubilantane og deira gjester, me var vel ikkje i tvil eigentleg. Her måtte det berre verta liv og røre, og mykje dansing. Som vanleg stor stemning og fullt på dansegolvet frå fyrste tone. Og hadde me ikkje stoppa å spela utpå natta, ja då trur me at dei hadde vore der og dansa endå. Ein stor takk til jubilantane og deira "pårørande" (uttrykk frå ein talar denne kvelden) for at me fekk koma og underhalda. Ein stor takk og til Arvid for flott samspel.    

Me kjem snart igjen....nye datoar for musikk og morro på Sekse er allereie vorte nemdt.  Ha ein fin sommar i vente, Helsing Moonshine

Bilder er lagt ut med tillatelse frå arrangørane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me har fyrste kaffipause på Bruravik kai...

....og i mangel på kaker til kaffien, så vart det noken skrøner...

...og litt ablegøyer....

"Grannatun" i sikte

...me riggar på ein ikkje ukjent scene...

...lyd vert det, sjølv om det ser ut som eit kaos med ledningar...

Me er ferdig rigga og klar til kveldens underhaldning

Arvid Aasprang, kveldens gjesteartist på saksofon, utruleg flink !

Dei første gjestene har benka seg attmed glaset...

...og når musikken drog igang, så var det fullt på golvet...

...her er Arvid i aksjon med saksofonen sin....flott !

...og gjester / jubilantar samt "pårørande" storkosa seg...

..pause på trappa....og litt planlegging før neste økt...

...mykje flott dansing, og fullt på golvet heile kvelden...

....me er litt usikre på kva type dans som vert vist akkurat her...

..men morro er det når me har eit slikt lystig lag å spela for...

...siste dans unnagjort...takk for ein flott kveld !

...her har Torben lagt seg...godnatt melding vert sendt heim :-))

...Søndag morgon, og nytrekt kaffi før avreise...

Me fant eit juletre utanfor huset, pynta for anledningen (sjå lite bilde)

Tusen takk til Bjørg og Ellen for ein flott kveld !!!

Til framsida