Galder

Julebord i Fraktgodsen, 9.desember 2008. Voss Swingklubb med inviterte gjester.

Nok ein gong hadde me i Moonshine gleda av å få spela for Voss Swingklubb. Denne gongen delte me scene med gammal-dansorketeret Galder. Galder består av 5 staute musikarar i toppklasse, dei fekk det verkeleg til å svinga denne kvelden. De seier seg vel nesten sjølv, at når me spelar for swingklubben, så er det dansen som er i fokus. Her er det ikkje vanskeleg å få folk på golvet. Med 110 danseglade medlemer og inviterte gjester denne kvelden, så var det kjempemorro å spela. Når det er mykje folk på golvet og mykje flott dansing, då trivest me som står på scenen og. Takk for att me fekk lov å stå for swingmusikken denne kvelden, og takk til Galder for flott samarbeid.                    Me i Moonshine ynskjer alle ei God Jol.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er alt klart for 110 danseglade gjester...

...gjestene kjem og festen er igang...

...Moonshine er klare på scenen...

Middag, dessert, kaffi og kaker...

Galder dreg igang kveldens dans...

Gjestene marsjerer ut på dansegolvet...

Her var det mykje flott dansing. Gammaldans og swingmusikk. Har du ein draum om å dansa slik som dei para på bilda ? Meld deg inn i swingklubben, her er det dans og morro, kvelden lang.

Moonshine takkar for denne gong.

Tilbake til framsida