Fjelberg / Borgundøy

11. og 12. juli 2008

For 7. året på rad har Moonshine vore på tur til Borgundøy for å spela og underhalda. Denne gongen reiste me nedover på fredagen, slik at me fekk med oss arrangemanget på fredagskvelden. Denne kvelden var det Stig Arild Fosse som stod for musikken. Og me i Moonshine (med fylgje) storkosa oss med musikk og stor stemning. Dette var skikkeleg morro. Ikkje ofte me får anledning til å dansa og kosa oss til slik flott musikk. Så tusen takk til Stig Arild og resten av staben.

Som vanleg hadde me etablert oss på vår faste "campingplass" på øyo og laurdagsmorgonen var det pølsegrilling til frukost, noko som er tradisjon for oss i Moonshine når me er på Borgundøy. Så var det ned på kaien og delta på dagens loppemarknad, ymse underhaldning med tryllekunst og meira til. Eit yrande folkeliv i flott sommarvær. Laurdagskvelden nærma seg, me returnerte til "camping-området" og gjorde oss klare for kveldens dans. Men før me entra scenen var det revy og matøkt. Når me kom ned var teltet fylt heilt opp av fest stemte gjester. Her låg det ann til stor stemning. Så etter at lattermusklane hadde roa seg og magen var fylt opp av havets delikatesser, var det vår tur til å entra scenen. Og som me tenkte, det vart ein utruleg flott kveld med mykje dansing, ikkje minst linedans, for dette må vera den plassen me spelar der alle kan dansa linedans. Stor stemning og berre smil å sjå, til langt ut i dei små timar. Tusen takk for oss, dette var ei minnerik helg. Me håpar at me får anledning å koma tilbake neste år og. Under her finn du bilder frå denne flotte helga på Borgundøy.

God sommar frå Moonshine

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me nærmar oss....denne fant me på ferjekaien på Sydnes

Her er det venting på ferja...

...ein til som skal til Borgundøy...tru kva han har i tankane...?

Ferjekaien i sikte med "fest-teltet" til venstre i bilde...

...yrande folkeliv på kaien denne helga...

...me er etablerte på vår faste "campingplass"

Torben vart i år kåra som årets gallions-figur på Matilde...

...gjengen på veg ned til kaien og fredags-dans...

...tidleg kveld, men allereie mykje folk på kaien og i teltet.

Stig Arild Fosse stod for musikken denne kvelden...

...kjempeflott musikk, me storkoste oss !

...smil og latter i baren og...

Torben svingar seg til flott musikk....

...laurdag "morgon" og klart for frukost...

...noko av menyen.... :-))

Underhaldning på laurdagen...

...revy om kvelden...

...og mykje god mat...

Heilt fullt i teltet denne kvelden...

Revy og matøkta er over, snart startar dansen....

...og her er Moonshine igang med Bryggedans på Borgundøy.

Det var fullt på dansegolvet heile kvelden...

...stor stemning...

...nett slik som me i Moonshine likar det :-)

..men alt har ein ende, me riggar ned. 

Ein globetrottar frå Voss på veg heim...

Tusen takk for oss for denne gong.

Tilbake til framsida