17. mai 2008

"Valhall" på Bolstad

Moonshine har starta sommarsesongen, og kva kan vel vera bedre enn å starta på sjølvaste nasjonaldagen. Me hadde gleda av å begynna sommarens speleturne i "Valhall" på Bolstad. Her var det fint pynta og værgudane viste seg frå si beste side. Etter rigging av scene drog me igang kveldens dans. Folk på golvet frå fyrste tone. Dette likar me som står på scenen og underheld. Etter ein liten pause der lokale krefter hadde eit innslag på scenen, var det tid for å fylla golvet. Og gjesten som var frammøtte, klarte dette med glans. Stor stemning og mykje flott dansing. Takk for ein hyggeleg kveld. Me kjem gjerne tilbake og spelar for dei danseglade på Bolstad.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rigging av scene, Torben i bunad på nasjonaldagen.

Ikkje godt å sei kva Reidar'n seier her.....

Scenen tek form, og lydprøvane er igang...

Fyrste låt, og folk på golvet med ein gong...

Moonshine i fint driv på scenen

Fleire kjem til, kjekt å underhalda når det er slik danseglede

Folk kosar seg med prat og dans....

...heftige swing rytmar...

...her er det rolegare takter...

Berre smil å sjå.....

Kveldens loddtrekning....

...og her vinnaren av hovedgevinsten.

Heilt fullt på dansegolvet...

...og stor stemning i salen....

Moonshine takkar for ein hyggeleg kveld på Bolstad.

 

 

Tilbake til framsida