|
Hatlestrand 19.mars Dans i bygdahuset |
|
Mange har venta på nye bilder frå spelejobbane våre, no etterkvart kjem dei på løpande band. Onsdag 19.mars var det duka for dans på lokalet i Hatlestrand. Etter ein noko lang tur ned pga. tett påsketrafikk, so fekk me rigga oss til i eit flott bygdahus. Litt lite folk den første timen, men det ordna seg fort. Utpå kvelden og natta så stilte me oss spørsmålet, "kor kjem alle desse frå ? " Fullt hus og kjempestemning. Me gløymde beint å ta pause i spelinga, så morro hadde me det på scenen. Tusen takk for ein kjempekoseleg kveld, og stor gjestfriheit frå arrangøren. Me kjem gjerne igjen. Helsing Moonshine |
|
|
|
|
|
Velkjent utsikt for fotografen ifrå baksetet...me er på veg :-) |
Rigging av utstyr, god plass på denne scenen her |
Reidar'n iferd med å få stabla eit mikrofon stativ på beina |
|
|
|
|
|
Der ja... Velkjent oppstilling |
Reidar'n igang med lydprøvar |
Arranagøren er klar til å ta imot kveldens gjester |
|
|
|
|
|
Første timen var det lite folk å sjå.... |
..men det seig på etterkvart... |
...og då klokka runda 23.30, fullt hus og kjempestemning |
|
|
|
|
|
Pause på bakrommet... |
...nokre gjester kjem innom for å slå av ein prat i pausen.. |
....me lurte litt på denne, ein får tolka det som ein vil... |
|
|
|
|
|
Resten av kvelden var det fullt på golvet... |
..me i Moonshine storkosa oss ilag med gjestene |
...takk for ein hyggeleg kveld på Hatlestrand |