![]() |
|
|
![]() |
|
23. august var me i Moonshine "tilkalla" for å spela i 40 årsdagen til Åge. Me var ikkje seine om å rykka ut, og fredag kveld var det rigging av utstyr. Jubilant, familie og andre snudde løo på Løno om til eit fantastisk festlokale denne kvelden. Her vart det dekka bord for over 160 gjester. Her skulle det feirast. Me i Moonshine har spela i mang ein 40 årsdag, men makan til feiring har me aldri sett før. Gjestene hadde fått beskjed om å koma litt før kl. 20.00 på laurdags-kvelden, og når klokka hadde passert vel 8 på kvelden, vart alle komanderte ut på tunet. Og der høgt oppe frå skyfri himmel kom jubilanten dalande ned i tandemskjerm. Etter vellukka landing til høglytte hurrarop, bar det inn i løo for mat og fest. Her vart det servert god mat og drikke og ulike presangar vart overlevert. Så var det dans og morro til langt ut på søndagsmorgonen. Og skjeldan eller aldri har me spela så lenge med så mange på dansegolvet. Dette var skikkeleg morro. Takk for at me fekk spela og underhalda. Slike arrangemang likar me. Me gratulerer Åge endå ein gong med 40 årsdagen. MOONSHINE |
|
|
|
|
|
Fredag kveld og jubilanten har ein liten pause i forberedelsane... |
...Moonshine riggar både høgt og lågt... |
...og i riggepausen har Moonshine ein liten prat med Ivar... |
|
|
|
|
|
Så er det lydprøvar og finjusteringar.... |
....her har Åge & co dekka til vel 160 gjester, flott !!! |
...me er klare for låvedans i løo på Løno... |
|
Laurdag kveld og gjestene strøymer på....alle ventar på.... |
...jubilanten som kom luftvegen.... |
...så inn løo for mat og fest. |
|
|
|
|
|
Heilt fullt i Løo på Løno... |
"Uten mat og drikke,..........." |
Mykje god mat og god drikke til alle. |
|
|
|
|
|
Åge vert kalla opp på scenen..... |
....og får overlevert det einaste "Ågometeret" i verden ! |
...god mat og drikke er fortært, me er klare for låvedans ! |
![]() |
![]() |
|
|
|
|
|
Dansen er i gang.... |
...og dette var morro for oss spelemenn.... |
...fullt på golvet heile kvelden og natta med :-) |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Litt småprat på låvebrua.... |
....ein og anna dansen på bordet.... |
...nett slik som låvedansar skal vera ! |
|
|
|
|
Fantastisk stemning på låven... |
...mykje dansing og mykje morro... |
Tusen takk for ein utruleg flott kveld ! |