Fredag 15.august reiste me opp i Myrkdalen for å spela på Fjellswingen 2008. Erling og Einar hadde laga det flott til utanfor Myrkdalstovo, med stor scene og stor danseplatting. Av erfaring veit me at det på fredagskveldane så er det ikkje lett å få folk ut av godstolen, men med god hjelp av ein stor gjeng frå Bergen Dansebandforening og Voss Swingklubb, og ein del "innfødde", så vart det ein triveleg kveld med godt over 100 danseglade. Mykje dansing og stor stemning heile kvelden. Laurdagen var det Contrazt og Steinar Engelbretson band som stod for underhaldninga. Me takkar for denne gong, og kjem gjerne tilbake neste år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På veg opp i Myrkdalen, her tunnellinnslaget mot Vinje

Erling driv å finpussar siste rest på danseplattingen når me kjem opp

Neddi inspiserer den store flotte scenen som er tillaga...

Her vert dansegolvet vaska og polert...

Kva Einar har i bøtta si er usikkert, men han smiler lurt...

Neddi og Reidar'n har lydprøve....

Moonshine er klare for opninga av Fjellswingen 2008

Folk på golvet frå fyrste tone...

Meir og meir folk kom til utover kvelden

Stor stemning inne i Myrkdalstovo og...

...mykje flinke dansarar denne kvelden.

Her Erling og William (Bergen Dansebandforening). Loddtrekning !!

Festen fortsatte med stor stemning....

....både inne....

....og ute. Takk for oss !   Moonshine

 

 

Tilbake til framsida