Jonsokdans / Dansefestival på Løno

22. og 23 juni 2007

Me kan vel begynna omtalen av denne dansefestivalen med desse orda: Dette var morro ! Mykje av grunnen til at denne festivalen går inn i historiebøkene som eit vellukka arrangemang, vil me tilskriva arrangøren Smalahovetunet Voss og deira stab. Alt var tilrettelagt for både musikarar, camping-gjester og publikum når festivalen opna torsdag ettermiddag. Me gutane i Moonshine starta fredag ettermiddag med lyd og lysrigging på utescenen. For å varma opp gjester og andre, tok me likegodt og drog igang ei lite danseøkt på ettermiddagen,etter at Fernando var ferdige med sine lydprøvar. Me hadde ikkje slått ann fyrste tonen før det var folk på golvet. Allereie då fekk me følelsen av at dette kunne verta noko stort. Kl.20.30 så var festivalen igang for fullt. Med Fernando og Moonshine på utescenen og B-Gjengen og Wannabes på Låven. Her kunne folk svinga seg til nonstop musikk heilt fram til 02.30 på natta. Og det gjorde dei ! Fin stemning og mykje dansing. Dette likar me som står på scenen og underheld publikum.

Laurdag var det igang igjen....med suksessen på fredags kvelden friskt i minne, så var me spente på kor denne kvelden ville verta. Laurdagen starta med stor smalahovemiddag i teltet, der Paul Jarle Grande underheldt gjestene. Paul Jarle var konfransier under heile arrangemanget og gjorde ein flott innsats. Ivar gjekk som vanleg rundt blandt gjestene og rettleia dei i korrekt smalahove-eting. Så var kvelden komen for dans og morro. Med PK & Dansefolket og Moonshine på utescenen . Herheims Trio og B-Gjengen på Låven. Kan det verta bedre ? Denne kvelden tok heilt av. Mykje meir folk enn forventa, musikarane frå alle banda gav maksimalt, og publikum svarte tilbake med fullt dansegolv både ute og inne, heile kvelden....til det heile vart avlsutta kl. 02.30. Me i Moonshine spelte siste økta på utescenen, men me må innrømma at me rett og slett ikkje hadde lyst til å slutta når klokka slo 02.30......Dette var morro det !

Me gutane i Moonshine vil retta ein spesiell takk til Fernado og PK & Dansefolket for eit kjempeflott samarbeid på utescenen. Heile opplegget fungerte smertefritt. Ein stor takk til musikarane som underheldt på Låven. Me kan ikkje få fullrost arrangøren med Ivar og Brit i spissen. Eit flott arrangemang. Men kva er vel ein dansefestival utan publikum ? Tusen takk for at me fekk underhalda alle desse danseglade som svinga seg på dansegolvet. Takk for fine tilbakemeldingar, slikt varmer og gjer at me får lyst til å fortsetja med musikken vår. Og til sist.....ein stor klem til Fan's vår, der nokre til og med hadde laga T-skjorter med "Moonshine" på. Me er imponerte av dekan. Kva vert det neste.......?

Under her finn du ein del bilder frå arrangemanget, beklagelegvis, så svikta vårt kamera på fredags-kvelden, så det vart litt lite med bilder frå den kvelden. Men me har fått låna bilder frå dei andre banda, Svein Ulvund og frå Fan-klubben vår....så her kjem bilda. Takk for iår, me håpar på gjensyn til neste år ! Klem frå Moonshine

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rigging av lyd på fredag ettermiddag...

...strekking av kablar hit og dit.....

....lys må me ha.....

mange i arbeid for å få alt til å klaffa...

Fernando har rigga sitt utstyr...

...her frå verandaen på hovedhuset, faste gjester..

Moonshine og Fanklubben riggar telt

Her har eit par smilande jenter lura seg backstage..

Moonshine dreg igang frå utescenen...

Danseglade i fin sving på golvet

Desse har me sett før...flinke å dansa...

Voss Helikopter svingar seg og....

Paul Jarle igang med underhaldning i teltet...

 Ivar serverer og instruerer....

...tre glade musikarar har ein liten pause...

PK & Dansefolket har lydprøve, folk dansar...morro

Alt klart for Pk & Dansefolket....

Laurdagen var det fullt heile kvelden på golvet

...langt utanfor danseteltet...

Detta e' morro...for eit liv det var.!!!

Torben og bålet......lika heite begge 2 ???

Her frå låven....

Mykje dansing der og....

Herheims Trio i fint driv på scenen...

Moonshine Fan's med signerte T-skjorter...

....We Love You Too....

Kvelden er slutt, nachtspiel i teltet....

...til langt ut i dei små timar....

Tilbake til framsida