Folkets Hus

Ålvik, 29.12.2007

29, desember var det duka for romjulsdans i Ålvik. Me vart varmt mottekne og godt tekne vare på av vertskapet. Det starta forsiktig, men utover kvelden vart det kjempestemning på dansegolvet. Mykje flott dansing, mykje morro. Trekning av gjevinstar, latter og løye. Me gutane storkosa oss denne kvelden, det var skikkeleg morro å spela. I utgangspunktet var desse 3 musikk-gutane frå Voss noko reduserte pga influensa, og manglande vibrasjon i stemmebanda :-), men dette forsvant fort, då folket begynna å svinga seg på dansegolvet. Me hadde det så kjekt på scenen, at då Kjell'n spurde om me ville spela der igjen 2. juledag -08, så svara me ja, der og då. Så då er det berre å begynna å pussa danseskorna, me kjem igjen.

Takk for oss. Musikkhelsing frå Moonshine-gutane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me ber inn utstyr, eit kjent bilde....

....rigging av lyd og lys.....

...og vips....ein god time etterpå, scenen er klar :-)

Musikken er i gang.....

....og dei første prøver dansegolvet....

...fleire og fleire utpå etterkvart... :-))

Trioen i fint driv på scenen....

....Neddien i heftig gitar-solo....

....musikk og song, gamle og nye slagerar....

Kjell'en introduserer kveldens trekning....

....første heldige vinnar....

....og her ser me kveldens gladaste vinnar :-)

Dansen fortsatte til ut i dei små timar....

...mykje folk på golvet, og stor stemning....

...takk for oss, og takk til trivelege og danseglade gjester.

Tilbake til framsida