![]() |
|
Endå ein triveleg spelejobb er over. 28.desember hadde me "gutane" i Moonshine gleda av å spela i Bjørnarhallen i Arna. Der delte me scene med Jan Erik Olsens Danseorkester. Utruleg flinke var dei, og kjekke karar var dei og. Me deler gjerne scene med dette orkesteret ein gong til. Men kva er vel ein dansefest utan danseglade gjester....me hadde ca. 250 stykken av dei denne kvelden. Utruleg morro at så mange hadde teke turen i Bjørnarhallen denne kvelden. For dei som kjenner oss gutane i Moonshine so veit dei at er det noke me set pris på, så er det når folk svingar seg på golvet til musikken. Me meinte å sjå eit par vossingar ute på dansegolvet og, neste gong vil me sjå endå fleire. Dei som ikkje var her denne gongen, gjekk glipp av ein triveleg dansekveld. Me seier takk for oss for denne gong. Kjem meir enn gjerne tilbake ved eit anna høve. Ein stor takk til Jan Erik og "gutane" hans, og ikkje minst ein stor takk til arrangøren som hadde lagt alt til rette for ein flott dansekveld. Godt Nytt År frå "Gutane i Moonshine" |
![]() |
![]() |
|
|
|
|
|
Bjørnarhallen i Arna...alt er dekka og klart for Dansefest ! |
Jan Erik og gutane prøver lyd, Moonshine gutane riggar utstyr... |
...så var det gutane frå Voss som testa lyden.... :-)) |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Scenen er rigga, eit band og eit orkester, tett i tett :-)) |
Jan Erik Olsens Danseorkester i fint driv på scenen i Bjørnarhallen |
....og dei fyrste danseglade var på golvet... |
|
|
|
|
|
...2 av "gutane" i hyggeleg prat med ein danseglad gjest... |
Fleire og fleire kom på golvet....Jan Erik og gutane hans leverte varene... |
...no begynner det å tettna til på golvet....då er det morro å spela... |
|
|
|
|
|
...Slik skal det vere på ein dansefest.... |
Sceneskifte... Jan Erik & Co tek over, Moonshine tek pause... |
...og vossagutane får servert god mat på bakrommet...detta likar me :-)) |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Gjestene kosa seg ut i dei små timar.... |
....me skulle gjerne ha spela lenger, men..... |
...alt har ein ende. Takk for ein triveleg kveld. |
| Tilbake til framsida |