| Borgundøy 14.07.2007, Sommardans |
![]() |
![]() |
|
Nok ein gong har Moonshine vore på Borgundøy og underhelde øyfolket, feriegjester og andre tilreisande. 2001 var fyrste gong Moonshine var og spela her. Sidan har dette vorte ein årleg tradisjon, unnateke fjoråret, då gutane var opptekne med ein annan spelejobb. Nytt for øyfolket og andre trufaste danseglade var at me no spela som ein trio, noko som vart svært so godt motteke. Me har gleda oss i lang tid til å få koma ned her og visa oss fram "i ny drakt", og som vanleg vart dette ein kjempeflott kveld med mykje dans og morro. Etter at me var nedkomne og hadde fått sett opp teltet på vår eigen reserverte "campingplass", so rigga me utstyr og gjorde oss klare med lydprøvar osv. Kvelden starta med allsang, akkompangert av Moonshine, med ei påfylgjande triveleg matøkt, der reker og tilbehør var servert. So var dansen igang.....noko av det fyrste me merka oss var at her måtte det ha vore linedanskurs, eller at alle damene på øyne hadde øva i smug heime på stovegolvet. Snakk om oppvisning me fekk når me drog igang linedans-melodiane våre. Kjempemorro å sjå slik fin dansing. Kvelden gjekk so alt for fort, med mykje dansing og latter å løye, so var det slutt. Litt småprat i bygdahuset og eit lite nachtspiel i teltet, før folk gjekk kvar til sitt etter ein minnerik kveld. Sjølv om det vert ein del reising og ferjeturar for å koma ned, so er dette ein av dei "faste" plassane me virkeleg ser fram til å spela på. Her vert me so godt mottekne og har det triveleg ilag med gjestene, at dette er ein tradisjon som me ynskjer å fortsetta med. Me vart faktisk forespurte om å ta ein tur ned igjen til hausten, noko me takka ja til på sparket, så me ventar i spenning og ser om øyfolket lagar til haustfest med Moonshine på scenen. Me lovar å gje alt på scenen og gjestene skal få svinga seg til feiande danserytmar til langt ut i dei små timar. Under her finn du ein del bilder frå turen og frå sjølve arrangemanget. Me gutane i Moonshine takkar for denne gong, og på snarleg gjensyn. Ha ein strålande sommar ! |
|
Torben i prat med sin gode nabo før avreise.... |
innlasting av ymse reiserekvisitter..... |
....til hengaren var nok so fullasta av musikk og ymse anna. |
|
Eit heller kjent syn no i sommartrafikken... |
Vått og trist denne dagen, men gutane har humøret på topp... |
...sunn og god mat står alltid på menyen. |
|
|
|
|
|
På ferjekaien på Sunde treffer me kjentfolk.... |
.....her ein liten feriegjest som har venta på pappen sin ei stund |
...me er framme på "campingen" vår.... |
|
...ein liten velkomstkomite var på plass... |
...gutane i gang med tilrettelegging av teltbygging |
...jaudå...her går det unna.... |
|
...og vips so var teltet oppe og då var ikkje Torben sein om å...... |
...PRØVELIGGA SENGA SI......!!!! |
...då skulle me vera etablert som vanleg. |
|
Alt klart for gjestene og oss då me kom.... |
...me startar med rigging av scene.... |
...Reidar'n har fått keyboardet på plass... |
|
Scenen er snart klar... |
...gitarkameratane stemmer instrument |
....og me er klar til litt allsang-øving ilag med nokre frå komite'en |
|
Me måtte nett innom kjøkkenet å slå av ein prat og..... |
....før me reiste opp i leiren vår for å skifta til kveldens antrekk... |
....og ein liten skvett "kaffi". |
|
Tja.....me skriv: "ingen kommentar" |
...ein gla'gut |
...og me klarte å samla kveldens festkomite' for fotografering... |
|
God mat og drikke vert servert, ilag med triveleg allsang... |
...før musikken startar, og det begynner å rykka i dansefoten |
...her var dei ikkje seine om å koma seg på golvet. Detta er morro ! |
![]() | ||
|
Her er linedans-tausena i fint driv.... |
...flinke og flott å sjå på ! |
Så var det tid for litt sving..... |
|
|
||
|
Folk kosar seg denne kvelden... |
...mykje folk på bygdadans ! |
....her vart det dansing til langt ut i dei små timar....! |
|
...siste dans er unnagjort....litt småprat på scenekanten før ein går heim |
.....so var det oppvasken på kjøkkenet.... |
....eit par slitne gjester, som har svinga seg på golvet heile kvelden ! |
|
|
|
|
|
Litt småprat på kjøkkenet, på veg ut.....me tek kveld ! |
Frukost på søndagen....kjent meny... |
...so var det å pakka ned telt-leiren. |
|
...2 av gutane måtte nett prøva å spela 2-stemt før me reiste |
...so litt skrøner på trappa før avreise.... |
.....2 litt trøytte karar på ferjo over til Utbjoa |
|
Triveleg prat med billettdamo på Utne..."kor har de vore å spelt no då ?" |
...på Utne treffer me kjentfolk, 2 danseglade strendingar... |
...me er heima, parkera hengar og so ein god kvil. Detta har vore morro ! |
| Til framsida |