Christian & Kristine

25. august 2007, Kristine og Christian gifter seg, stor brudlaups-fest på Varaldsøy i bygdahuset Vardetun. Moonshine var heldige og fekk lov å underhalda brudepar og gjester med sin musikk. I utgangspunktet var det ei anna vossa-gruppa som var booka for denne jobben, men då dei ikkje kunne, fekk me spørsmål om me hadde høve til å ta denne jobben for dei.

Dette vart ein fantastisk flott brudlaups-fest. Me gutane storkosa oss heilt frå me kom, til me reiste utpå søndags morgonen.... Me fekk servert kjempegod middag, god drikke heile kvelden, eit fantastisk gjestfritt vertskap, og ein upåklageleg stemning blandt gjestene. Me trur ikkje det kan bli bedre. Brura sine eigne "lærlingar" spela brudevalsen på toradar, det vart framført utruleg flott song frå eit par av gjestene. Og det var fullt på golvet heile kvelden når me gutane i Moonshine spela opp til dans etter at kaffien og kakene var fortert. Me håpar at brudepar og gjestene likte musikken vår, det virka ihvertfall slik. Ein utruleg flott stemning heile kvelden. Me takkar for at me fekk lov til å underhalda denne kvelden, og ynskjer Kristine og Christian lukke til vidare som nygifte.

                                                                                                                                        (Bilder er lagt ut med tillatelse frå brudeparet)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me er klare til avreise....

....kaffi og røyk er på plass....

...alternative køyreruter vert diskutert....

Kaffipause i Strandebarm....

...me ventar på ferja i Gjermundshamn....

....ferja kjem og då er det ikkje lange biten før me er.....

...FRAMME !

 Då er det berre å begynna rigging av scene....

....litt kryping for å kopla ledningar, godt ein er ung og sprek... :-)

Scenen er ferdig rigga, og me ventar berre på at.....

....dei fyrste gjestene kjem...

....det vart fort fullt i Vardetun, mange gjester i dette brudlaupet.

Kristine & Christian klar for brudevalsen...

....brudevalsen vart spela av Kristine sine elevar på toradar, kjempeflott !!!

...og så kunne alle delta i valsen....her var det mange danseglade :-)

Brudlaupskaka skal sprettast.....

...og etast på tradisjonelt vis.....som seg hør og bør !

...vår "unge" håpefulle vokalist i triveleg prat med brura....

Moonshine dreg igang kveldens dans....

...fullt på golvet heile kvelden....

....linedans jenter her og....morro !

Me fekk høyra vakker song frå ein av gjestene.....

...ein omskreven tekst på ein kjend Elvis låt framført av ein anna gjest...

...dansen fortsetter, her ein som har "kapra" brura for ein dans...

...og dansen varte til langt ut i dei små timar....

....det er søndag, me riggar ned og....

...me set kursen heimover, i regn, som her hjå billettøren på Utne...

TAKK FOR OSS, helsing MOONSHINE

 

 

Tilbake til framsida