|
Jorunn og Dag Brydlaupsfest i Grannatun 19.mai 2007 |
|
"Grannatun" på Sekse i Hardanger |
|
Denne laurdagen var me inviterte til å spela i Jorunn og Dag sin brydlaupsfest på Sekse i Hardanger. Denne spelejobben har ein liten forhistorie. For ei tid sidan var Moonshine-gutane å spela i ein årmålsdag her i Grannatun. Under eine speleøkta kjem Dag opp på scenen, ber om mikrofonen og spør: "Jorunn, vil du gifta deg med meg ?". Som de skjønnar so vart svaret "Ja", og Dag snur seg då mot oss og spør: "Vil de spela i brydlaupet vårt ?". So her var me då, klare for å spela til brudlaupsfest. Moonshine har spelt i mange brudlaup, og Neddi som har lengst fartstid av oss gutane, var ikkje i tvil. Dette var det trivlegaste brudlaupet han nokon gong hadde spela i. Me 2 andre er so hjartans einige i denne påstanden. Her fekk me servert alt frå framifrå mat, gode talar, mykje flott underhaldning, skotrarar og gjester som dansa kvelden lang. Og me må ikkje gløyma hovedpersonane sjølve, Jorunn og Dag, eit fantastisk ektepar som gjev so mykje av seg sjølve, samt at dei ikkje veit kva godt dei kan gjera for gjestene sine og oss musikantar. Me vil takka for at me fekk lov til å spela og underhalda på brudlaupsfesten deira. Denne kvelden kjem me ikkje til å gløyma. Me gutane i Moonshine ynskjer Jorunn og Dag lykke til som "nygifte". (Bilder er lagt ut med tillatelse frå brudeparet) |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Torben ber utstyr som vanleg.... |
....me riggar scenen |
Utruleg flott her i "Grannatun" |
Då skal alt vera klart til dans og fest.... |
![]() |
![]() |
|
![]() |
|
...men fyrst middag, her er det brudeparet som talar |
....etter maten vart "Kokkane" vist fram.... |
Jorunn & Dag |
Musikken igang, og gjestene var straks på golvet |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Jorunn sine veninner hadde laga god underhaldning |
Dag sine kameratar, like eins.... |
...som her..... |
....det kom skotrarar på besøk, som seg hør og bør... |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
...her var kreativitetet stor.... |
...gjestene kosa seg langt ut i dei små timar.... |
..etter ein fantastisk kveld, var det berre å finna vegen heim ! |
|
Takk for ein minnerik kveld.
|
| Tilbake til framsida |
![]() |
![]() |