07.07.07

07.07.07....den store dagen for brudlaup. Me gutane hadde gleda av å få underhalda brudeparet Bodil og Eirik med familie og gjester i Solheim denne kvelden. Ein flott dag og eit flott brudepar, danseglade og humørfylte gjester, kva meir kan ein få på ein slik dag. Me gutane i Moonshine storkosa oss denne kvelden. Faktisk gjekk tida so fort at me hadde ikkje lyst til å slutta å spela, det er so morro å underhalda i brudlaup der alle deltek og gjer sitt for å skapa den stemmningen som skal til for at brudeparet skal få ein minnerik kveld. Med tillatelse frå brudeparet så har me lagt ut nokre bilder frå brudlaupsfesten. Me ynskjer Bodil og Eirik lukke til som nygifte, og takkar nok ein gong for at me fekk underhalda i deira brudlaup. Ha ein fin sommar, helsing Moonshine-gutane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gutane riggar utstyr for kvelden's speling...

...litt innstilling av lyd

...og scenen er klar.

Bodil og Eirik....eit flott brudepar

...her frå kaffibordet

Toastmaster "Maja" styrte kveldens program med stødig hand...

Kvelden starta med marsj, før ein stilte seg i ring rundt......

.....brudeparet og brudlaupsvalsen......

.....så var golvet klart for alle som ein.

2 av gutane i fint driv på scenen....

...den tredje driv med avansert  "fingerspel"

                           ...litt koseprat må til.

"Maja" underheld gjester og brudepar på ein mesterleg måte...

...nokre gjester har laga eigen sang til brudeparet....kjempeflott !

...så var det dans igjen....

...gjestene dansa og storkosa seg til lang ut i dei små timar

....men alt har ein ende, her syng me kveldens siste allsang....

Takk for ein flott kveld.

Til framsida