|
Evanger Laurdag 31.03.07 var me inviterte ned til "butikken" på Evanger for å spela til dans på pub'en. Siw Anita og Ole Bjørn tok varmt imot oss. Her var det laga til dansekveld for ca. 60 personar, men med mange ulike arrangemang i vossabygda denne kvelden, samt at påskeferien sikkert hadde fått mange til å gøyma seg i fjellheimen, so vart det berre omlag 30 gjester denne kvelden. Men ikkje for det, dei 30 frammøtte gjestene klarde å skapa mykje liv og stor stemning i den lokale pub'en på Evanger. Både gjester, vertskap og ikkje minst me i Moonshine, storkosa oss denne kvelden. Takk til Siw Anita og Ole Bjørn for ein minnerik og triveleg kveld, og takk til dei danseglade gjestene. Håpar me får koma attende og spela ved eit anna høve. Musikkhelsing frå Moonshine |
|
|
|
|
|
|
Her riggar me utstyr for kvelden.... |
Så var me igang.... |
......dansing frå fyrste melodi |
....ulike dansemetodar vart utført... |
|
|
|
|
|
|
...nokre i fint driv, andre litt meir roleg... |
jentedans.....var det ikkje nok gutar, tru ? |
Folk på golvet på kvar einaste melodi...morro !!! |
Her får vertskapet ein velfortjent klem... |