Granvin, april 2007
|
|
|
4.april var det laga til dans i "Løo" i øvre Granvin. Wenche og Erling tok som vanleg varmt imot oss. For dei som ikkje kjenner heile historien om Moonshine, så kan det forteljast at Wenche og Erling har ein heilt spesiell plass i våre hjerter. For snart 10 år sidan våga dei å sleppa til 2 unge musikarar på kafe'en sin i Granvin. Det var her Moonshine fekk den starten dei trengde for å koma igang. Denne kvelden hadde vertskapet rekna med at me skulle få spela for ca 60 gjester, men nei då.....over 110 danseglade kom denne kvelden for å svinga seg til vår dansemusikk. Då er det morro å vera musikar. Stor stemning, og utruleg flotte lokaler å spela i. Heile konseptet i "Løo" ber preg av kvalitet og gode løysingar. Vertskapet og deira stab, har som vanleg lagt si sjel i å skapa ein fantastisk atmosfere i denne gamle bygningen frå 1874. Me i Moonshine takkar for at me fekk koma og underhalda Gravensararne med vår musikk denne kvelden. Varm musikkhelsing frå "Moonshine - gutane"
|
|
|
|
|
|
|
Me riggar utstyr i dansesalen.... |
Torben prøver lyd..... |
Flotte lokaler i denne gamle bygningen.... |
.....her bilde frå "bar-området" |
| Tilbake til framsida |
|
|
|
|
|
|
Det vert ein del utstyr å bera.... |
Siste lydprøve, og me er klar for kveldens dans.... |
.....og Wenche gjer seg klar til å ta imot gjestene |
....dansegolvet står berre å ventar |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
....som vanleg litt forsiktig start.... |
...men det varte ikkje lenge..... |
....før golvet var fullt.... |
.....og stemningen var på topp ! |