| Mjøndalen, 11. mai 2007 |
![]() |
| Denne gongen gjekk turen over fjellet og me havna i Mjøndalen, like ved Hokksund. Me hadde strålande vær på turen, kun nokre dråpar regn når me var framkomne. Her skulle me spela til dans på "Loftet", ein dansebar flott tillaga på loftet(som navnet tilseier) i ein gamal og ærverdig stasjonsbygning i Mjøndalen. Nokre av våre kjente innanfor dansebandmiljøet på austlandet hadde invitert oss over denne fredagen og me takka sjølvsagt ja, og det angra me ikkje på. Dette vart nok ein triveleg kveld, med mykje folk som dansa og kosa seg til musikken vår. Me var nok litt spente på korleis vår musikk ville verta motteken på denne sida av fjellet, men det fekk me fort svar på. Berre smil og latter og mykje dansing. Både gjester og vertskap var smilande og trivelege, og me tek gjerne turen over fjellet ved eit anna høve og spelar til dans på dette lokalet. Er du på desse kantar av landet, stopp og ta turen innom denne dansebaren. Her får du servert god musikk i eit triveleg miljø. Ulike plakatar på vegger og tak, fortalte at her hadde det spelt både kjente og ukjente band opp gjennom tidene. No håpar me på at Moonshine plakaten er komen opp ilag med desse. Nok ein gong, takk for ein minnerik kveld. Varm musikkhelsing frå Moonshine. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Her har gutane teke seg ein pause oppå fjellet.... |
...men du veit, utan mat og drikke.... |
.....duger heltane ikkje..... |
...plakatar på oppslagstavler, me nærmar oss.... |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Moonshine i godt selskap med Trond Erics.... |
...so va' da detta med å bera utstyr (Loftet = øverst) |
...det var fyrste turen opp, då må ein ha pause... |
....alt oppe, og me er klar til å rigga... |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
...flott tillaga oppe på "Loftet"... |
....her frå bar-området... |
....me har rigga utstyr og lys.....dansegolvet klart... |
.....gjestene er klar..... |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
...Torben er snart klar.... |
....og me er igang med dansen.... |
....mykje folk og stor stemning.... |
....som vanleg, litt oppvisning i linedans... |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
....Gjestevokalist... |
...litt småprat med gjestene... |
..det nærmar seg slutten, litt pause i dansinga.. |
...og det vanlege, spel nett ein til ! Takk for oss |
| Tilbake til framsida |