Nore Neset Idrettshall på Os

Dansegalla, ilag med Trond Erics

 

 

 

 

 

     

 

 

Moonshine på scenen i Nore Neset drettshall

Trond Erics igang med sin musikk

.....her gjev dei alt :-)

Mykje flott dansing....

Sving er morro

Mange som kosa seg

flott musikk og danseglade gjester.

 

Tilbake til framsida

 Laurdag 10.mars spela me på dansegalla i Nore Neset Idrettshall på Os saman med Trond Erics. Ved ankomst vart me tatt vel imot av arrangøren/vertskapet, Vibeche og Rolf Tveit. Frå kl. 16 – 19 var det rigging av utstyr, og kl.19 felles matøkt for musikarane.

Klokka 20.00 drog Moonshine i gang dansegallaen, og det var dansing frå fyrste stund. Det var mange danseglade som var komne frå store delar av Hordaland. Vossingar var det også der. Spelinga delte me likt oss imellom, fordelt på ein-timars speløkter. Mixen mellom Trond Erics og Moonshine var god, og folk kosa seg gjennom kvelden. Likevel er det ein ende på alt, og klokka 02.00 var dansegallaen over.

For oss i Moonshine vart dette ein minnerik kveld, takka vera det danseglade publikumet. Me vil også takka Trond Erics som var med på å gjera dansegallaen til det den var. Dei var ein herleg gjeng å spela saman med, og me spelar gjerne saman med dei igjen. Ein stor takk også til Vibeche og Rolf som la alt til rette for musikar og danseglade gjester. Me kjem gjerne tilbake til Os og spelar.

 

Musikkhelsing frå oss i

Moonshine