|
Moonshine kjem frå vakre og vene Voss. Dei har farta i over 10 år med musikk og underhaldning på vestlandet. Bandet starta i 1999 som duo. I 2006 utvida dei bandet med Reidar Hommedal på keyboard og vokal. Han har vore med fram til 2010. Han valgte å trappa ned på spelejobbane, då han flytta frå Vossabygda i 2009. Nils Bjarne og Torben spelar no vidare som duo. Bandet spelar god og variert dansemusikk der alt frå danseband, country, gamalpop, gamle og nye slagerar vert levert med god lyd og godt humør. Noko eigenkomponert musikk står og på reportuaret når Moonshine er ute og underheld på forskjellige arrangemang. Bandet vert mykje nytta til dansefestar og festivalar, brudlaup, årmålsdagar, firmafestar og blåturar med meir. Musikken kan tilpassast til ditt arrangemang dersom du ynskjer det. Dei har delteke på fleire dansegalla og dansefestivalar rundt om på vestlandet, bl.a saman med: Aristocats, Salty Dog, Something New, Trond Eric's, Wannabes, Herheims Trio, B-Gjengen og Jan Erik Olsens Danseorkester for å nemne noken. I 2006 deltok dei på jonsokdansen på Løno ilag med bl.a Scandinavia og Picazzo og i 2007 delte dei scene med PK & Dansefolket og Fernando på samme plass. . I 2008 spela Moonshine bl.a ilag med, Ila Auto & Elisabeth Andreasson, og dei deltok på mange danse-arrangemang rundt omkring i landet. I 2009 spela dei bl.a ilag med Furulunds på dansefestivalen på Løno. No i 2010 er dei allereie booka inn fleire spennande arrangemang.
Her fylgjer ein liten presentasjon av Moonshine: |
![]() |
Født: 10.07.1960 Sivilstand: Gift med Boon og bur på sjølvaste flatvangen. 5 barn, Monica, Steffen, Mariell, Joakim og Daniel. Kort om han: Neddi er ein lun og fin kar som ikkje let seg skremma so lett. Som junior var han blandt Norges beste alpinistar. Han jobba seinare mange år i NSB, fram til helsa sette ein stoppar for det,og er no student ved Høgskulen i Bergen. Han har drive med musikk so lenge at han sto på scenen nesten før Tobben var fødd. Mest kjend er vel Neddi frå tida i ”Pariess ”, ei av dei mest populære gruppene på Voss på 80 og 90 talet. Han er bandet sin absolutte låtskrivar, og fleire av hans tekstar og melodiar er med i reportuaret. Ein mørk kveld for vel 10 år sidan kom ein noko sjenert ungdom, med navn Torben, på besøk til Neddi og lurte på om han fekk spela litt med han, om han hadde tid då, vel og merka…. Neddi høyrde starks at dette var eit godt brukande eksemplar av arten ”musikar”, og då var det i gang. Dei har sakte jobba seg oppover til no å vera ei av Voss sine mest etterspurte grupper. Mykje av æra for dette ligg nok hjå Neddi og hans solide musikkbakgrunn. Når han tek på seg cowboyhatten og finn fram mikrofonen, då har du Voss sitt svar på Willy Nelson. Neddi er vel den som aldri blir heilt fornøgd med lydbilde..., men når han seier det er bra nok, er Moonshine klare for dans. Hobby: Musikk og friluftsliv | |
![]() |
| |
|
|
|
|