![]() |

|
Her er gutane i full gang med øving heime hjå Reidar'n.... |
....alt skal stemme, rytme, takt, akkordar, start og stopp...... |
....berre det å få på seg ei skjorte kan til tider vera ein utfordring.... :-) |
|
So var det dette med å vente på å få komme igang.... |
...kaffi og røyk, ei lita skrøne.... |
....og ein god porsjon humor, hjelper på ventetida... |
|
Noken lurer kansje på ka' desse tre karane gjer for at dei etterkvart er vortne so populære. Ein ting er sikkert, det gjer seg ikkje sjølv......Mange timar med øving, planlegging og terping om og om igjen. Sjølv om me spelar nesten kvar helg, so prøver me å få til ei øving midt i veka og. Her vert det sydd saman reportuar, nye melodiar og tekstar vert øvd inn. Me tilrettelegg for neste spelejobb, øver inn ein ny brudevals f.eks....ynskja er mange og me prøver å tilfredstilla arrangøren so godt me kan. Men den viktigaste årsaka er nok spelegleda, humoren og at me storkosar oss ilag, alle tre. Dette er tross alt hobbyen vår, me vert ihverfall langt frå rike. Det dukkar stadig opp nye ting me har lyst på av instrument og utstyr, so at me må legga ein del imellom for å få den økonomiske kabalen til å gå opp, det er ingen hemmelegheit. Under her har me lagt ut nokre bilder frå ulike arrangemang og øvingar. Du vil sjå at me prøver å tilpassa oss på ymse scenar og at humoren er ein viktig ting oppi det heile. Me vil og takke alle som set pris på den musikken me spelar, sjølvsagt er det noken som kunne yngst seg ein låt som me ikkje kan, men det skulle no berre mangla. Det er litt å ta av i musikkens verden. Me ynskjer alle danseglade ein fortsatt fin haust. Me sjåast kanskje på ein dans snart :-) Beste helsing Moonshine.
|
![]() |
![]() |
![]() |
|
Humor ja....he, he...I dette tilfelle... |
...hadde han guten her gløymt å ta med krisekofferten... |
...resultatet vart då at han måtte halda dart-brettet i pausen.... |
|
Du lurer...krisekofferten ?...vel, her er Tobben på veg ned i han... |
....det kan vera greitt det når Neddi har fått gitarsig..... |
....eller Reidar'n begynner å spela tvilsomme låtar.... |
|
| ||
|
...her ser me ein Moonshinegut stå og smila.... |
...og han smiler sikkert av samme grunn som han her, jodå...kaker ! |
...so var det dette med å få plass på scenane.... |
|
...her f.eks, nyttar ikkje å ha ete mykje kaker her.... |
....her frå Osterøy, kjempestor scene, og flott pynta... |
....so var me plutseleg på Sotra, me fekk plass der og. |
|
Dette var berre ein liten omtale om korleis helgene kan vera for oss tre, uansett me storkosar oss med musikken. Takk for alle flotte tilbakemeldingane me har fått, og ikkje minst....ein stor takk til dei heime som let oss få lov til å driva med denne hobbyen. Det vert mange helger åleine heime for både konemor og ungane. |