|
Slektstemna på Voss Jordbruksskule 4.august 2007 |
|
|
|
|
|
Slekta etter Gjertrud og Anders Jordalen var samla til slektstemne på Voss den 3. t.o.m 5. august. Laurdagskvelden var det laga til dans og underhalding på Voss Jordbruksskule, og Moonshine-gutane stod for dansemusikken. Hadde alle etterkomarane delteke, hadde me hatt over 300 gjester i salen. Det skal noko til å få samla alle, men ca. 180 stykken var samla til middag, underhaldning og dans denne kvelden. Det vart og framført god musikk frå fleire av etterkomarane denne kvelden, og komite'en hadde laga til mykje god underhaldning for slekta. Etter allsang og middag drog Moonshine igang dansen, "Kokken" stakk ein tur innom med gitaren sin og laga liv og røre. Og nokre av slekta sine flinke musikantar drog i gang litt gamaldans når det lei litt utpå kvelden. Mykje dansing vart det, og me gutane kosa oss ilag med gjestene. Me takkar for at me fekk underhalda Jordalen-slekta denne kvelden. (Bilder er lagt ut med tillatelse frå komite'en) |
|
Samling ute, og ein god prat med nære og fjerne slektningar |
Detta bilde kan berre få ein tittel: " Kringlene" |
...Her bilde frå den gode underhaldninga som komite'en stod for |
|
|
|
|
|
Slekta sjølve stod for musikken til allsangen, flinke musikarar. |
Moonshine dreg igang kvelden's dans.... |
...me hadde folk på dansegolvet heile kvelden, morro... |
|
Både liten og stor svinga seg på golvet denne kvelden.... |
...Kokken kom og underheldt gjestene, ein skikkeleg flink kokk ! |
....dansing var det mykje av.... |
|
...andre sit og kosar seg med "god prat"... |
...so kom slekts-musikarane og drog igang litt gamaldans.... |
...og me gutane kosa oss ilag med danseglade gjester til langt ut på natta. |
| Tilbake til framsida |