Solheim, mai 2007

Fredag 18.mai var det duka for dans i grendahuset "Solheim". Denne kvelden var det "dei unge" som dominerte dansegolvet. For nokon var dette kansje den fyrste dansefesten dei var på. For oss "gutane" i Moonshine som etterkvart har nokre år på baken, so er det alltid lika morro å spela her i Solheim. Ungdomen imponerer stadig med å synga med, sjølv om me prøver oss med nokre gode gamle "svisker", som me "gutane" er heilt sikre på at: -denne kan dei sikkert ikkje. Dette vart nok ein triveleg kveld, med mykje flott ungdom, som kosa seg med musikken vår. Me kjem tilbake og spelar fleire gonger....... Helsing frå Moonshine

 

 

 

 

 

 

 

 

Grendahuset SOLHEIM

Me riggar oss opp for kveldens dans

..me har litt knappar og knottar å skru på....

....her er sjølvaste "sjef's skruaren" igang...

Dansen er igang....

...mykje flott ungdom, som svingar seg på golvet...

....og stor stemning, heile kvelden...

...det begynner å fyllast opp på golvet, morro !

Kaffi og musikkprat i pausen....

...her syng dei med.... "eg køyre granada, jada..."

...her ei som hadde bursdag denne kvelden....

...og nokre dansa til og med på scenekanten...

Tilbake til framsida