Varaldsøy

10.11.2007

 

Bygda-dans på Varaldsøy, innvielsesfest med middag og underhaldning. Du finn meir om Varaldsøy på denne sida: www.varald.no

Fyrste gongen Moonshine spela på Varaldsøy var i brydlaupet til Kristine og Christian. Då fekk me virkeleg sjå kor feststemte og danseglade desse trivelege folka på Varaldsøy er. Like etter fekk me forespørsel om å koma ned att og spela på denne innvielsesfesten. Eg skal lova me takka ja med ein gong.

Ein uforgløymeleg dans, ein utruleg stemning, feststemte gjester, god mat, flott underhaldning og ikkje minst alle dei danseglade folka på øyo. Skjeldan eller aldri har me gutane i Moonshine spela der stemningen i salen har vore so fantastisk flott. Gjestfriheita like eins. Alt var tilrettelagt for oss då me kom, velkomstkaffi hjå ein av våre fans, flott hytte til ovenatting, utruleg god middag i bygdahuset før dansen. Til og med ein liten øygjeng kom og sa takk for no når me reiste heimatt på søndagen. Dette var morro. Kan me få lov å koma ned igjen ?

Til alle de som var med å arrangerte denne flotte kvelden, alle våre fans på øyo, og alle dei danseglade. Takk for oss !

Varm musikkhelsing frå Moonshine-gutane

Under her finn du litt bilder frå turen ned, sjølve dansen og den alltid like vedmodige søndagen.....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me er komne i bilen...på veg ut frå Voss sentrum...

...fyrste pølsestopp på Essoen....ein kjem og spør: "kor skal de no....?"

...me er komne til Gjermundshamn...

...Reidar'n kikkar bort på dagens geografikurs....hmmmm....:-))

....der Neddi fortvila prøver å forklara Tobben kor me er....

...Reidar'n ringer til "Øyo" og informerer at me er på veg...

...Medan Moonshine gutane riggar utstyr...

...so koker desse glade øy-vekjene både pote og mykje anna godt...

...me er ferdige å rigga...alt klart.....

...mmmm....kjempegodt...svinesteik med tilbehøyr... :-))

Dansesalen....folk kjem på plass....

...3 staute vossagutar i full sving på Varaldsøy...

...fyrste melodi.....folk på golvet med ein gong :-))

...fleire og fleire kom på golvet....

....4 smilande øy- tause... :-))

...ein fantastisk stemning....

...sjå her....slik skal det vere.....

...fullt på golvet heile kvelden...

...kveldens gjesteartist heiter Jostein....her framfører han...

...St. Paulies blues, med stor applaus frå publikum i salen :-))

...so var kvelden over, og den vanlege....nett ein til... he, he :-))

...ja, ja...søndag morgon blues.....

....me riggar ned, festen er slutt....dette var morro !

...siste rapport til ferjebilletøren, og me reiser heim....

Takk for oss, Varaldsøy....dette gløymer me ikkje :-)

 

 

Tilbake til framsida